VANLEGE SPØRSMÅL

   Minimer

Brukarinformasjon

Her finn du informasjon om AutoPASS, lyssignal, feilpassering og bomstasjonen på Føyno

A U T O P A S S

Med AutoPASS-avtalen kan du nytta alle AutoPASS-anlegga i Norge, samt Øresundsbroen og Storebælt, men det er berre nødvendig med avtale i eit selskap, det selskapet du har fått brikka frå. Du kan og velja at avtalen berre skal gjelda i Trekantsambandet, sjå www.autopass.no.

NB: Alle kundar frå før 01.02.04, med gjeldande abonnementsavtale i Trekantsambandet, kan nytta AutoPASS brikka i heile landet, dersom dei ikkje har reservert seg mot dette.

Kundar med AutoPASS-brikke fra Trekantsambandet (L13-brikke) må førehandsbetala 40 passeringer og får 40% rabatt i Trekantsambandet. Dersom ein ikkje reserverer seg mot bruk i andre anlegg, kan AutoPASS-brikka og nyttast i alle andre norske AutoPASS-anlegg, Øresundsbroen og Storebælt, samt andre transportrelaterte tenester tilknytta AutoPASS-avtalen. Passering i andre anlegg (full pris) vert trekt frå det førehandsbetalte beløpet. Faktura vert sendt ut når saldo er ca. 25% av førehandsbetalt beløp. Faktura vil spesifisera passeringar i Trekantsambandet og i andre anlegg.

Kundar med AutoPASS-brikke frå Trekantsambandet som og vil ha rabatt i andre bompengeanlegg, må inngå lokal AutoPASS-avtale med det enkelte bompengeselskap, knytta til same AutoPASS-brikke. Bompengeanlegg med AutoPASS finn du her.

Kundar med AutoPASS-brikke frå andre bompengeselskap kan passera i AutoPASS-feltet i Trekantsambandet dersom dei ikkje har reservert seg mot bruk i andre anlegg. Betaling for passeringa (full pris) vil verta gjort opp etter avtalevilkåra i avtalen med deira eige bompengeselskap.

Kundar med AutoPASS-brikke frå andre bompengeselskap som ønskjer rabatt i Trekantsambandet, må inngå lokal AutoPASS-avtale med Trekantsambandet knytta til si AutoPASS-brikke og førehandsbetala 40 passeringer.

Ein kan reservera seg mot at AutoPASS-brikka kan nyttast i andre anlegg:

* Kontroll/endring i avtaleforhold kan gjerast raskast på internett (kundenummer og webpassord går fram av faktura), logg inn og velg "Endre profil".

* Dei som ikkje nyttar internett, må fylle ut dei nødvendige punkta i AutoPASS-avtalen, eller senda e-post (trekantsambandet@vegamot.no) , faks (73 82 48 01) eller brev med tilsvarande informasjon.

AutoPASS-avtale

AutoPASS-avtale kan teiknast på internett eller ved utfylling av avtaleskjema. Det kan berre teiknast ei avtale pr. køyretøy. Sjå avtalevilkår. Det er viktig å krysse av for bruksområde dersom ein ønskjer å reservera seg mot bruk i andre anlegg.

L Y S S I G N A L

Ved passering vil det alltid vera eit lyssignal til trafikanten.
Signalet varslar om passeringa er godkjend eller ikkje.

AutoPASS-felt

Grønt lys
Grønt plussteikn - Passeringa godkjend





Hvitt lys
Kvitt plusstegn - Passeringa godkjend
(Låg saldo, faktura er på veg og må betalast snarast)




Gult lys
Gul horisontal strek - Passeringa ikkje godkjend. Mogleg ulovleg passering.
Gul strek utløyser automatisk videofotografering.
Signalet kjem dersom du køyrer i AutoPASS-feltet utan gyldig avtale, eller passerer utan brikke, eller med feilmontert brikke.

Manuelt felt

Rødt lys manuelt
Rødt signal
Stopp for betaling. Passering på rødt signal er ulovleg
og utløyser automatisk videofotografering.



Grønt lys manuelt
Grønt signal
Betaling godkjend




F E I L P A S S E R I N G / A N G R E G I R O

Feilpassering må meldast frå til Trekantsambandet og betalast innan tre arbeidsdagar eller betalast innan 14 dagar på web. Kontakt e-post (trekantsambandet@vegamot.no) , telefaks eller brev. Oppgje navn, fullstendig adresse, registreringsnummer på bilen, dato og klokkeslett for passering.

ULOVLEG PASSERING

Dersom ein ikkje betalar bompengar, vert det sendt krav til eigaren av køyretøyet om passeringsavgift + tilleggsavgift på kr. 300,- pr. ulovlige passering.

B O M S T A S J O N E N

Køyrefelt
Bomstasjonen har 6 køyrefelt, 3 i kvar retning. Motorsyklar og mopedar bes å passera i AutoPASS-felta.

Kontant betaling i manuelt felt
Stasjonen er open for manuell betaling hele døgnet. Stopp i bomstasjonen ved luka og betal til betjenten.

Kredittkort
I bomstasjonen aksepterer dei kredittkorta Diners, Amex, Visa og Europay og bensinkorta Hydro Texaco, Esso, Shell og Statoil.

Mangel på kontantar
Dersom ein manglar kontantar ved passering av bomstasjonen, skal det fyllast ut ein blankett der dato, tid, stad og registreringsnummer på køyretøyet vert notert. Blanketten skal underskrivast av førar. Betalingsfrist er tredje arbeidsdag etter utskriving.

Køyremønster
Pilene viser berre køyreretning og ikkje val av felt (AutoPASS eller manuelt) gjennom bomstasjonen.

Kjøremønster bomstasjonen


E39 - GUL
Frå E39 til Rv 542 (Bømlo) - BLÅ
Frå Rv. 542 (Bømlo) til E39 - RØD

Køyring i bomstasjonen
Fartsgrensa er maks. 50 km/t. Ved skifte av felt gjeld vegtrafikklova.
Det vil vera kryssande trafikk i felta for trafikk til/frå Bømlo.
Unngå farlege situasjonar, og vis omsyn ovanfor andre trafikantar.
Ulovleg køyring i bomstasjonsområdet vert bøtelagt etter vegtrafikklova.

 

Rørslehemma med bilar over 3500 kg kan søkje om refusjon av mellomlegget mellom stor og liten bil for passeringar i Trekantsambandet.

Trekantsambandet har AutoPASS betalingssystem, noko som er ein del av AutoPASS samordna betaling. Som ei følgje av dette, og for å samkjøre ordninga med resten av AutoPASS anlegga i Noreg, gjekk Trekantsambandet i vår over frå tre til to takstgrupper.
Då ein såg at ordninga kunne slå uheldig ut for enkelte av brukarane i anlegget, søkte ein Vegdirektoratet om å behalde den kategorien for liten bil som tidlegara gjaldt alle bilar under 3500 kg og under 6 meter, men søknaden vart avslege.
Etter påtrykk frå m.a. Norges Handikapforbund avd. Stord, er det no likevel komen til ei løysning for dei rørslehemma, som kom særskild dårlig ut med det nye takstsystemet.
I brev frå Vegdirektoratet av 21.09.06 vart det stadfesta følgjande:
"Samferdsledepartementet slår fast at rørslehemma som nyttar drosje eller anna type køyretøy over 3500 kg men under 6 meter lang, kan søkja om refusjon frå bompengeselskapet for mellomlegget for taksten for køyretøy over 3500 kg og køyretøy under 3500 kg, for passeringar i Trekantsambandet. Dei som søkjer refusjon må ha parkeringsløyve i samsvar med føreskrift om parkering for rørslehemma."

Dette gjeld for dei som tidlegare var i kategori liten bil, men som etter takstendringane 1. april kom i kategori stor bil (gjeld både bruk av drosje og privatbil). Desse kan no søkje om å få refundert mellomlegget mellom dei to takstklassane og ein slik søknad må innehalde:
- kopi av godkjent parkeringsløyve (utsted for minimum 2 år)
- registreringsnummer til den bilen det gjeld
- dei som har AutoPASS avtale: dato og passeringstidspunkt
- dei som betalar manuelt: kopi av kvittering
- namn og kontonummer

Søknaden kan sendast til:
Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap AS
Postboks 176
5445 BREMNES